Ei av undergruppene til Gaupne Bygdalag er seniorgruppa. Dette er ein god gjeng med pensjonistar som utfører dugnadsarbeid i regi av bygdalaget. Dei er i hovudsak knytta til stiar, sentrum og Stølsløypa-Brunestegen, men tek og andre dugnadsjobbar dersom det trengs. Gruppa består av ca. 20 personar. Men me tek gjerne mot fleire! 🙂
I tillegg til dugnadsarbeid møtes seniorgruppa til frukostmøte ein gang annakvar månad.
Ansvarleg for seniorgruppa er
Asle Karoliussen
Tlf: 91545686
E-post: asle-ka@online.no