Velkommen til fantastisk flotte turløyper.

Over 20 km turglede og folkehelse i Luster kommune sitt fagraste turterreng.

Det går løyper frå parkeringsplassen på Brunestegen til Golt, Seljesete, Rysete og Jargolane, med moglegheit for å legga turen i rundløypa tilbake til parkeringsplassen på Brunestegen.

Stølsløypa-Brunestegen vert drifta av frivillige knytt til Gaupne Bygdalag. Sjølv om arbeidet vert gjort av frivillige er det knytt stor kostnad til drift av løypenett og vedlikehald av trakkemaskin. Dette blir finansiert gjennom hovudsponsorar, driftsponsorar og private bidrag i form av andelsbrev og vippsgåver.
Det er mogleg å støtta løypekøyringa ved å kjøpa andelsbrev og bruka Vippsnr som står nede på sida.

  • Preparerte skiløyper om vinteren.
  • Det vert køyrt løyper torsdag-søndag, frå januar t.o.m påsken.
  • Eige aktivitetsområde til bornefamiliar.
  • God parkering – Hugs bomavgift.

Ta omsyn til ville og beitande dyr.

Hugs båndtvang, også i løypa!

Gjer vel og hald området reint.

Kart
Kartet nedanfor syner kva skiløyper som er køyrde opp til kvar tid.
Med Appen Sporet får du betre oversikt, Årsabonnement 149,-
Appen lastar du ned her: Sporet for iOS Sporet for Android.

Lurar du på korleis det ser ut på Brunestegen akkurat no?
klikk på bildet for oppdatert visning

Film frå Stølsløypa-Brunestegen:

Film frå løypene

Ansvarleg for Stølsløypa-Brunestegen:

Asle Karoliussen

Tlf: 91545686

E-post: asle-ka@online.no